Intervju – Heidi Marie Vestrheim

Heidi Marie Vestrheim (Intervjuet av Stein Roar Eriksen 10.10.07)

Du har nettopp kommet igjen fra turne i kina, hvordan ble hele dette til?
October Party Records med Kjell Moberg i spissen har misjon om å få bergensmusikk til Kina. October Party Records har i den forbindelse gitt ut ein rekke samle-cdar med Bergensk musikk i Kina. Platene kalles ”Bergen Rock City” og eg har ein låt med på volum 5 og volum 7 av disse platene. Samleplatene blir trykket i 10.000 eks og distribuert til aktørar i musikkbransjen og viktige spillestedar i Kina. Etter at eg ble med på disse platene tok eg kontakt med Kjell for å snakke om mulig utgiving av eit heilt album i Kina. Me diskuterte aktuelle datoar, og endte opp med at august var ein god månad. Ganske kjapt så ble alt det praktiske ordna, og plutselig var eg ute med plate i Kina! Grunnen til at det var bra å komme med albumet då, var at Team Blizkrieg skulle bort på turne i september og det var bra for meg å reise saman med nokon, så eg slapp og vimse heilt åleine rundt i Kina. Det hadde våre litt skummelt.

Kan du fortelle litt om hvordan det hele foregikk i fra avreise til hjemreise?
Eg var utruleg spent på korleis det ville bli å komme til Kina. Eg hadde på førehand hørt at Kina ikkje er eit anna land, men ein anna verden. Eg var spent på korleis folk ville ta imot musikken min, ville dei forstå engelsk når eg prata på konsertane og likar dei ”singer/songwriter” musikk eller vil dei berre ha punk og rock? Eg kjende heller ikkje folka i Team Blitzkrieg så godt frå før. Alt dette viste seg at det var ingen grunn til å bekymre seg for! Alle var så hyggelige og eg er så kjempe glad for eg reiste saman med Team Bliezkrieg! Me fann tonen med ein gang og på heile turen var det berre positiv stemning både blant oss og publikum. Å landa i Beijing var likevel litt av ein oppleving. Så masse folk, bilar skyskraparar og ingenting sto på et språk eg skjøna noko av. Guiden vår Ice venta på oss på flyplassen og førte oss trygt fram til hotellet me skulle bu på. Det var fantastisk å ha han, elles hadde me nok måtta brukt enormt med krefter på å berre orientere oss og prøve å forklare ulike folk kva og kor me ville. Kommunikasjonen var ikkje heilt lett dei fyrste dagane med Ice, men han blei veldig raskt betre i Engelsk (han måtte berre koste litt støv av alt han hadde lært på skulen) og me blei flinkare til å forklare på ein kina-engelsk måte kva me ville. Dei to fyrste dagane hadde me fri og gjekk berre rundt å gapa av begeistring. Me tok bilete av alt me såg: Den Kinesiske Muren, Den Forbudte By, Den Himmelske Fredsplass, gamle folk, syklar, bilar, plakatar, klede, butikkar, hus, vegar, små gater, masse rar mat, skyskraparar, parkar og kunst. Inntrykka var mange og vanskelege å forklara. Slik var i grunnen heile turen. Overalt blei me utruleg godt tatt i mot, folk var super vennlege. Stadane me spelte på såg ut som europeiske rocke-buler. Det var masse folk på konsertane våre, og dei var overbegeistra og det var enormt god stemning kvar kveld! Etter kvar konsert måtte eg skrive masse autografar, og alle ville ta bilete saman med meg. Eg trur me alle følte oss som ekte rocke-stjerner der borte. Dagane og byane gjekk fort litt i surr etter noken dagar på vegen. Ein typisk dag var : stå tidleg opp, pakke saman alt me hadde strødd rundt oss på hotellrommet oppi koferten. Finne taxi, vente på taxi, så ta taxi i alt frå 20 min til 2 timar (det spørs korleis trafikken var), komme oss til flyplass/trogstasjon/busstasjonen, ta fly eller tog eller buss til ein ny by. Finne taxi, vente på taxi, så ta taxi i alt frå 20 min til 2 timar (igjen det spørs korleis trafikken var), suge inn den nye byen, sjå alt gjennom taxi ruta, sjekke inn på nytt hotell (dette tok alltid veldig lang tid av ein aller anna grunn) Pakke ut, finne seg til rette på det nye hotellet. På dette tidspunktet begynnte me alltid å bli veldig sultne, men me måtte som oftast finne taxi, vente på taxi, så ta taxi til klubben me skulle spille på, så ha lydprøve, så ete masse rar mat, så spille konsert, så skrive autografar, så ta masse bilde, så drikke øl, så ta taxi tilbake til hotellet. Det var enkelte dagar me hadde meir tid til å utforske byane me var i, shoppe litt, gå på tur i parkar og drikke te på tehus. Før eg viste ordet av det var eg tilbake i Beijing der det heile starta, det var den siste konserten og eg kjennte meg kjempe trist for det heile var over.

Hvilket inntrykk sitter du igjen med?
Kina er et komplekst land. Menneska er så utruleg hyggelige, og det er så masse fint der borte. Samtidig var det skremmande å sjå kor mykje forureining det er overalt der nede. Det er deprimerande å tenke på at dei nesten ikkje har begynt å leve som oss her i vesten endå, og likevel er det så gale. Bil er framleis ein luksusvare, likevel er det ikkje plass til alle dei bilane dei har der nede no.

Hva imponerte deg mest der nede?
Eg blei mest imponert over kor begeistra folk der nede var og at dei viste det så av hjartas lyst! Dei virka glade og litt barnlege, akkurat som dei har barnet litt meir i seg enn me har her i Vesten. Også blei eg veldig imponert over maten. Dei laga så masse rare rettar, og eg torde berre smake på halvparten! Arkitekturen i Kina er jo heilt vill! Shanghai – det var som å vandre i ein by frå framtida. Det var fascinerande å sjå alt det nye opp mot det gamle. Kontrastane var enorme. Kina er så fylt med historie. Det var veldig spesielt å få stå på den kinesiske muren ein dag, for så å stire mange hundre meter opp i lufta på den mest fancy og mest moderne skyskraparen eg nokon gang har sett den andre dagen.

Hvordan matnyttig tror du turen har vært?
Som i alle andre land her i verda så lar ikkje Kina seg ”brake” på ein turné. Difor trur eg det er viktig og holde fokuset oppe der borte. Reise tilbake og turnere meir, ha kontakt med fans via MySpace og håpe at neste gang vil det dukke opp dobbelt så mange. Eg trur òg det er et enormt publishing potensiale i Kina for artistar om dei får nok kontaktar og tid der borte.

Hva betyr det for deg å få stå på scenen å framføre foran elleville fans?
Det betyr alt. Det er den beste kjensla i verda.

Skal du tilbake til Kina?
Ja, eg har allereie avtalt me team Blizkrieg at me prøver oss på ny turné i mars 2008. Det funka så bra å reise saman med dei. No kjenner me både Kina og kvarandre så godt at det ville vere fantastisk å få oppleve det heile ein gang til saman! Hva synes Heidi Marie om myspace?
Når det gjeld Kina, fungerer MySpace veldig godt. Alle eg snakka med på konsertane som hadde lytta til musikken min på førehand, hadde henta musikken frå MySpace, og ikkje frå
www.heidimarie.no. Her heime syns eg kanskje at me druknar litt inn i kvarandre på MySpace. MySpace kan vera et fantastisk verktøy, og eg brukar det ofte, men eg syns det er vanskeleg å vite kven som er seriøse og kven som ikkje er det blant plateselskap, management og platestudio og slikt der inne, men det er det for so vidt i den verklege verda óg….

Kommer du til å Turnere noe i Norge?
For tida har eg berre sporadiske spillejobbar i Noreg, ingen turné. Eg bruker det meste av tida til å sitte heime å skrive nye låtar. Eg vil prøve å få eit album ut i løpet av 2008. Det blir mest turnering i Noreg i sambande med plateslepp.

Har du noen gode råd til andre band?
Ikkje vere redd for å kaste seg ut i ting. Ein må alle begynne ein plass, ta et steg om gangen, ein når ikkje over heile Noreg eller verda for den del med ein gang. Ha is i magen, ver tolmodig, jobb sakte men sikkert mot et mål om gangen. Det er ekstremt viktig å sette seg et mål, gjennomføre ein plan slik at ein når det målet. Når det målet er nådd, setter du deg et nytt mål. Ein må ha pågangsmot, ikkje gi opp om ting ikkje løsnar med ein gang. Spel masse live, få erfaring, ta imot konstruktiv kritikk, og hold deg unna narkotika for det vil ete opp sjela di, og den trenger du om du skal skape noko. Ha det morro! Musikk er best viss du kosar deg med det. Følg hjarta, ikkje pengesekkene. Ver snill og grei med folk: dei du møter på veien opp, møter du også på veien ned. Ein liten luring i lokalradioen, sitter kanskje ein dag med eige program på TV2, så det er viktig å holde på kontaktane du får underveis på di reise gjennom musikkbransjen! Det er også veldig viktig å lære seg korleis musikkbransjen i Noreg fungerar, les gjerne boka ”hjelp, eg er i popbransjen” av Jørn Dalchow.

Besøk Heidi Marie Vestrheim på Myspace
www.myspace.com/heidimarievestrheim

Vi takker Heidi Marie Vestrheim for at hun tok seg tid til å svare på våre spørsmål.

Dette intervjuet er copyright norskmusikk.org, og kan ikke trykkes i andre media. Bildene er copyright Heidi Marie Vestrheim(c)

Related Posts with Thumbnails

Speak Your Mind

*